Dette innlegget tar for seg lokalhistorie frå Leiknes, men kan vel ha noko allment i seg også.
Nå reiser ein frå Leiknes til Bergen på halvtimen, men det er underleg å tenkje på at det var først i 1949 at det kom bru over Leiknesvågen, og dermed vegutløysing til Dalebygda, som dei kalla bygda. Kor tid det kom veg til Hodnesdal, veit eg ikkje, Men vegen til Hopsdal var kome til Port Arthur, då dei i 1905 fekk beskjed om det store slaget i Kinahavet, og så fekk svingen namn etter slaget. I 1910 var vegen til Hopsdal ferdig, etter mine kjelder, og det vart lettare å kunne levere mjølka  til meieriet , hente varer frå butikken  og det vart lettvint ta dampen til bydn, for alt dette låg på Leiknes, på kaia på Tongjen.

Skulle du ut av bygda, var det lettast å ta båt, og ingen reagerte negativt på at Hamre kommune låg på begge sider av fjorden, anna enn at bygdene på sørsida av fjorden hadde meir folk, og dermed fleire i kommunestyret. Så dei vaksne nordom fjorden snakka litt om at dei karra til seg på Osterøynæ.

Du kunne sjølsagt gå gjennom Mundalsberget til Nepstad, over fjellet til Seim, eller over markene til Hillesvåg og Hjelmås, men det var tungvindt. Båten var lettare. Onkelen min, Erling Hagesæter, fortel i boka "Adle dei bødne" om at etter ei fest på Hjelmås tok onkel Kåre og fyrde opp båten og skyssa kjærasten heim til Leiknes, og dei andre ungdommane som var frå Leiknes fylgde med, saman med dei andre frå Hjelmås som hadde nokon å fylgja heim. Det var mykje lettare og snarare å bruke båt enn å gå gjennom utmarkene i mørket.
Kor avsides det enn høyres ut, då eg les Strilesoga, fann eg ut at det var gardar både i Øvstegard, Midtgard og på Leiknes, på Hopsdal og Mundal i mellomalderen, Nokre gardar døydde ut etter Svartedauden, men vart dyrka opp att seinare. Frå gamalt av heitte Leiknes Nerigarden, noko som eldre folk visstnok sa i mor sin barndom. Så går du og undrar deg korleis det såg ut då, og kva vegar dei gjekk til kvarandre. Men eit er sikkert, skulle dei ut av bygda, brukte dei båt, og naustplassane både på Tongjen og i Mundalstø er gamle. Truleg reiste dei og til bydn og selde varene sine, surmjølk, ved og kjøt.
Presten tok inn i Naustdalen når han skulle til Seim, og der skal det ha vore overnatting og skjenkestove, etter det eg har høyrt. Gamle kongevegen gjekk over Soddalskaret og Sjauset, og der reid / køyrde presten når han drog til Seim. Det var heilt andre hovedvegar den gongen!
Frå Soddalsskaret er det kort veg over til Hodnesdalen, og etter det eg har høyrt frå ein annan onkel, Gunnar, så var far min ein av dei første som køyrde bil til Dalebygden over Soddalsskaret. Dei hadde visst baksla litt, og lagt under bilen fleire stader for å få han fram, men dei lukkast.
                                                              Brua over Leiknes i dag.  50 meter lang?

Seinare vart far min den første som køyde bil over Leiknesbrua. Eg høyrde ein historie om ein gut som kom springande til ein annan. -Nå må koma og sjå, han Åsmund har køyrt hit  med lastebil!
Det var ein milepæl i Dalebygdens historie. Tru kva han ville synast om vegane i dag?

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar