INDL- vegen til bygdene i Osterfjorden på 50-talet.


Ved Bryggen i Bergen låg Indre Nordhordland Dampbåtlag sine båtar. Tvers over byfjorden låg Bergen Nordhordland sine båtar., INDL hadde  tre i talet, Oster, som gjekk på kol, og Hosanger 1 og Bruvik brukte  damp. Men det var sjeldan dei låg til kai i Bergen samstundes.  Desse tre båtane var forbindelsen innover Osterfjorden, og dei kom kvar morgon med ferdafolk, varer, post, dyr , mjølk og kva elles som skulle til bydn, og returnerte om ettermiddagen med tomme mjølkespann og få dyr, men elles mykje av same lasta. Varene var heist ned i lasterommet, Dyra plassert framme under dekk, posten var på plass i postlugaren, der postfunksjonæren  hadde sekkar med post, aviser og  pakker til heile fjorden. Dei stripete sekkane var bunde att med hyssing, og hadde posten sitt emblem på. I postlugaren kunne du kjøpe frimerker og poste brev,

 Ferdafolket fann sine sete i lugarane oppe og nede, og praten gjekk med kjentfolk ein kanhende ikkje hadde sett på lenge.Nokre av oss åt resten av nista, og hadde med mjølk eller kaffe på termos. Andre hadde kjøpebrød, eller spanderte vaffel og kaffi som dei kjøpte hos trisa eller stuerten ombord. Den vesle kiosken hadde brus og snop, så det var freistande å mase om litt ekstra for oss ungane. Nokre flytta seg litt omkring på båten, for det var kjentfolk å snakke med, og i lugaren opp var det betre utsyn over fjorden når me kryssa fram og attende. Var det fint ver kunne vi sitja ute på dekk, men ofte var det så mykje vind at ein måtte setje seg i ly for han.
Når tida var der, ringde kapteinen med klokka, og matrosane tok landgangen. Kapteinen hadde uniform og kapteinshuve, og stod i styrehuset saman med styrmannen når me la frå kai. Det var forbode å forstyrre dei på brua, men det hende jo at nokon som var kjenningar stakk innom..Men dei som var i styrehuset var litt opphøgde over vanlege folk. Matrosane var kledde i busseull,
dongerioverall og huve med skjerm, men ikkje så fin som styrmannen og kapteinen sine huver..

Ein av matrosane var og billettør, og når dampen reiste ut byfjorden, kom han med billettveske. Ho hadde plass til setlar i midten, og hadde plass til vekslepengar på framsida.. Han hadde  billettrull for å  selge billettar. Billettane hadde ulik farge, blå, grøne, raude, lilla og orange, og du fekk dei i retur som bevis når du betalte. Dei skulle leverat når du gjekk over landgangen på destinasjonen din, og du måtte ha dei klar før du tok pikkpakket ditt og tutla mot utgangen.

Salhus var første stopp, det einaste som var felles med BNR. Der var det stor trikotasjefabrikk, og laurdag var det mange som arbeidde der som reiste heim for helga. Hugs at 5 dagars veke kom først på 70.talet!

Det var nok litt kappestrid for båtane for å kome fyrst dit, om det var felles avgang frå Bergen, men som oftast var det litt ulikt klokkeslett dei la frå kai, og frå Salhus drog INDL innover Osterfjorden, medan BNR drog til Frekhaug, Flatøy og Isdalstø, før dei fortsette om Alverstraumen og vidare si leid.
Turen heim til Leiknes tok eit par timar, og båten kryssa fram og tilbake over fjorden. Båten fløytte før han kom til stoppestaden, og ferdafolket sanka saman koffertar, kiper, ryggsekker og nett og stilte seg i kø i gangen. Veret kunne vera så surt at det var godt og turt å stå der. Matrosane kasta trossa, og dampskipsekspeditøren stod på land og tok imot og feste tauet i ein av fortøyningane. Postopnarar kom først ombord for å  leverte og få post, og så sleppte ein passasjerane fram.. Dei som skulle ombord, måtte vente til alle hadde gått av båten.. Matrosane heiste på land brødkassar, tomme mjølkespann, mjølsekker og det som elles skulle av, og postopnaren gjekk over landgangen med sine stripete sekker.

Kapteinen ringde 3 klemt med bjølla, og matrosane tok landgangen, Ekspeditøren løyste trossa, og båten stemde vidare innover fjorden, kryssa fram og tilbake med ferdafolk, matvarer og det folk elles trong for å klare seg.. var det Oster, la det seg ein eim av kolrøyk etter han, Bruvik skapte store bøljer, og hosanger var slik konstruert at han braut bøljene sjøl, slik at det ikkje kom stor sjø inn mot land, lærte eg nettopp..









Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar