Skogplanting





Like etter krigen rådde det mykje optimisme. Krigen var slutt, og alt gjekk framover. Gardbrukarane planta skog på teigar som var vanskeleg å dyrke. Skuleungane vært ofte bedene om å vere med å plante. Eg trur ikkje me fekk noko for det, men vi var nyttige, og vi var med på å gjere landet vårt betre, meinte vi.
Vi planta skog i Øvstegardsmarka, trur eg, men denne gongen skulle vi langt av stad, like til Torsheim eller Tosjheim, som det heitte på lokalspråket. Læraren vår førebudde oss, og gutane fekk beskjed om å ha med seg plantehakke heimanfrå, eller låne seg reiskap. Han teikna på tavla  og fortalde om kor djupt  gutane skulle hakke, at vi jentene skulle strø litt av molde nedi holet, sette planta nedi, og strø på mold. Det var viktig at planta stod rett, at vi klappa godt til rundt ho, og la torva på plass rundt treet til slutt
 VI kjende oss viktige, og lærde prosedyrene.
Læraren fortalde at grantre voks seint. Dette var arbeid for framtida. Ikkje bonden, ikkje ungane hans, men barnebarna kunne hogge  og selje tømmeret.I mellomtida måtte skogen passast og vyrdslast, ein måtte ta vekk ungskog, tynne og gjødsle. Alt for barnebarna. Vanskeleg å skjøne for ein 11åring.
Køyrde me drosje eller buss? Det kan eg ikkje hugse.Det var ei lang og omfattande reis. Me reiste heimanfrå om morgone, og brukte ein time eller to, før me kom fram,gjekk til fots til teigen , og bonden kom og leste av granplantar og gjødsel. Det var vel 50-100 i kvar  bunt, tenkjer eg.

Me arbeidde systematisk og nøye. Dette var vakse arbeid. Men det vart også tid til leik, og vi hadde niste. Brus og saft, brødskiver  og  Tomkjeks, så vi lei inga naud.
Då ettermiddagen kom, hadde vi planta teigen. Barnebarna kunne hauste. Og vi reiste nøgde heim att.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar