Tre ord på snei, glem ikke meg!



Boka var blå, dekorert med gull på utsida. Minnebok stod det på utsida. Eg fekk ho då eg gjekk i første klasse., og når eg blar i henne, finn eg minne skrive av første lærarinna mi, av elevar eg gjekk saman med på skulen, av lærarinna i 2. og 3. klasse, og  av Andreas Midtgård då eg gjekk i storskulen.
Det var stas å ha minnebok, å spørje venner om å skrive minne, og vente i spaning for å få boka attende. Nokre hadde fått hjelp frå mor og far, andre hadde hadde streva og laga minne sjølv.
Det var ein del av heimearbeidet å skrive i minnebok, om du hadde ei med deg heim.

Stovebordet vart rydda, og mor hjelpte deg å lage fine tynne liner med blyant, og skreiv eit minne på kladdeark. Eg skreiv etter, og lærde at overskrifta skulle være midt over minnet, anten det var minne, eller minne til Aslaug.  Så kom poesien, lykkeønskjet og helsing med nanm. Det siste skulle stå midt under, eller til høgre på sida.  Eit vakkert minne skulle ha teikning, og ofte måtte mor hjelpe til å lage ein fin blome som liljekonval eller forglemmmegei.Hadde ikkje mor tid til å hjelpe, så limte me inn glansbilete. For minnet skulle vera vakkert! Så var minnet ferdig,og du viska vekk blyanthjelpelinjene med viskelær .Boka vart lagt i ranselen, og Du gav det stolt  til eigaren dagen etterpå.
Me las i minnebøkene, samanlikna minner og fekk naboar til å skrive. Det var helst kvinnfolka som skreiv. Mennene braud seg ikkje om slikt.

Minneboka hadde si tid til skuledagboka kom. Då vart minnene og skribleria i ho i staden.
Då eg gjorde research for dette blogginnlegget, fann eg ut at minneboka, også har blitt kalla  stambok, poesialbum, erindringsbok . Ho hadde sitt opphav på 15-1600 tallet, der studentane brukte ho som reisedagbok, og fekk studentar og professorar til å skrive inn kvar dei hadde vore og kva dei hadde lært. Ho heldt fram i litt anna form på 1700 talet, da ein fekk vener og kjennigar til å skrive poetiske minne, slik det og var heilt fram til omlag 1970.
Poesien var enkel, og mykje lik fra minnebok til minnebok, og på ulike stader i landet:. Nokre skreiv bibelord, andre ein oppbyggeleg song,:  Å leva, det er å elska det beste
                                                                di sjel fekk nå.  Å leva, det er i arbeid                                                                                                      mot rikare mål å trå.

Andre skreiv råd: Tro ikke alt du hører,si ikke alt du vet.Da sparer du mange byrder,på sinn og samvitighet.
Nokre  prisa minnebokeigaren:   Roser er røde, fioler er blå.Druer er søte og du like så
Andre var meir humoristiske:- Tre ord på snei, glem ikke meg. Eller :Gi lykken må gro som gresset bak do.



.            Finns det minnebøker i dag? Eller er det Facebook, Snap og Insta som har teke over?

Då eg skulle finne bilete frå mi eiga minnebok var ho borte. Difor er bileta frå nett. God helg!                           


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

På gamle stigar- i Husdalen.

Fløksand husmorskule

Hermetisering av middag og frukt, og søndagsdessertar